Ny rapport på veg: Fall som symptom

Tysdag 17. november lanserer Ukom rapporten «Fall som symptom – gjentatte fall, subakutt forverring og legetilgang i bemanna omsorgsbustader.» Rapporten viser at gjentatte fall hos eldre kan vere teikn på alvorleg sjukdom eller forverring, og at dette ikkje alltid blir fanga raskt nok opp i helse- og omsorgstenestene.

Rapporten tar utgangspunkt i hending der ei kvinne i slutten av 70-åra fall fleire gonger same dag. Samtidig var ho svimmel og periodevis forvirra. Seinare viste undersøkingar at ho hadde ei bløding mellom hjernen og hjernehinna.

Hos eldre kan nye eller gjentatte fall vere symptom på sjukdom, skade eller forverring av eksisterande sjukdom. Rapporten peiker på at det er avgjerande at tenesta ser endringane i samanheng og samanliknar dei med den vanlege helsetilstanden og funksjonen.

På bakgrunn av funna i vår undersøking, gir Ukom anbefalingar med mål om å redusere risikoen for at alvorlege endringar i helsetilstanden blir oppdaga for seint.

Rapporten blir tilgjengeleg tysdag 17. november kl. 07.00 på nettsida til Ukom, under menypunktet «rapporter».