PDF-versjon opprettes. Dette kan ta litt tid.

Ny rapport på veg

Fredag 22. november kjem rapporten «Funksjonsfall hos eldre som får heimetenester». 
 

Utgangspunktet er historia om ei 72 år gamal kvinne som fekk kommunale heimetenester i 15 månadar. Ho hadde fleire funksjonsfall i denne perioden, som kognitiv svikt, utan at dei blei følgde opp.

Heimetenestene får fleire og meir avanserte oppgåver. Rapporten ser blant anna på om tenestene er godt nok organiserte for dette. Kva må til for at heimebuande eldre skal få god kvalitet på hjelpa dei treng. Er det slik at vedtak kan stå i vegen for personsentrert omsorg og føre til at ingen ser heilskapen? 

Rapporten blir publisert klokka 07.00 på vår heimeside under menypunktet rapportar.

Vi fortel også om dei viktigaste funna i rapporten på Pasientsikkerhetskonferansen på Gardermoen den same dagen, fredag 22. november. Dette skjer i vår sesjon «Sjå det, vurder og følg opp. Kva må til for å følge opp funksjonsfall hos eldre som får heimetenestar?»

Der blir det også paneldebatt om eldre og heimetenestar. Panelet består av Janne Myhre (forskar og sjukepleiar), Lill Sverresdatter Larsen (leiar av Norsk Sykepleierforbund), Tone Poulsson Torgersen (fagsjef) og Jan Fridthjof Bernt (professor emeritus og jurist). Debatten vert leia av Bjørn Lichtwarck (forskar og lege).